Littpod

Verden i Bergen: Lengselen ut

Informações:

Sinopsis

Med historikar og forfattar Fredrik Larsen Lund. Norsk utvandring er så å seie synonymt med den amerikanske prærien. Og rett nok: Det var ei tid då folk med utferdstrong røymde norske fjordar og dalar i eit rasande tempo, dei aller fleste for å sikte seg rett vest. Men kva med dei som valte ein annan veg? Historikar Fredrik Larsen Lund fortel om nordmennene som drog endå lenger ut i verda – til Afrika, Asia, Oseania, Karibia, Sør-Amerika og Antarktis – og kva dei opplevde der dei kom. Opphalda under fjerne himmelstrøk gjekk nemleg sjeldan etter planen, noko spesielt mange sjøfolk frå Bergen fekk erfare. Fredrik Larsen Lund er historikar, forfattar og jobbar til dagleg ved Riksarkivet. Siste utgiving: Norske utposter. Nordmenn utenfor allfarvei (2017).