Littpod

Redaksjonsmøtet: Kampen om Bergen

Informações:

Sinopsis

Det er på tide å ta debatten: Er det eigentleg BA eller BT som er den beste avisa i byen? BA-redaktør Sigvald Sveinbjørnsson møter BT-redaktør Øyulf Hjertenes til dyst. Hilde Sandvik har fått oppgåva med å styre det heile. Ho er tidlegare kulturredaktør i Bergens Tidende og sit i styret i Amedia, konsernet til Bergensavisen. Dobbelt ugild, med andre ord. Kva gjer det eigentleg med Bergen å ha to aviskonkurrentar? Er det noko bergensarane får som folk i Oslo og Trondheim går glipp av? Ville BT blitt ei dårlegare avis utan BA – og omvendt? Og er det område ingen av dei dekkjer? En podkast med høg temperatur og god stemning! Bergen Journalistlag inviterer til fjerde møte i debattserien Redaksjonsmøtet. Debattserien er debattar av og for mediefolk i Bergen, men er ope for absolutt alle. Debatten er heilt gratis og det er fri inngang.